Fotballgruppa i Fitjar Idrettslag har hatt årsmøte og fått på plass eit nytt styre, men ønskjer seg fleire trenarar og lagleiarar.

Gisle Levåg fortel om eit roleg årsmøte, der han blei attvald som leiar. Alle dei andre postane blei òg fylte med kompetente og handlekraftige folk.

Så langt er alt vel for den attvalde leiaren, men han er uroa over situasjonen nedover i fotballsystemet.

– Me treng fleire trenarar i dei aldersfastsette klassane, seier han. Dersom du kan tenkja deg å gjera ein jobb for fotballen, vonar me du tar kontakt med oss snarast!

Etter årsmøtet ser styret i fotballgruppa slik ut: Leiar Gisle Levåg, seniorleiar Magne Siglen, ungdomsleiar Lisbeth Olsen, minileiar Anne Helene Vestbøstad, kasserar Renate Hellesund, skrivar Roar Pedersen, styremedlem Birte Steinsland og varamedlemmene Alf Helge Westvik og Gunn Evy Henriksen.

Gisle fortel elles at fotballstyret har trekt vinnarane i Scoringsklubben 2014. Her kom det fram ei rad særs velfortente vinnarar. Gåvekort på 1000 kroner vann Ivar Hovland og Arne Skumsnes. 500 kroner vann Gerd Træet, Per Svein Bukkholm, Lars Martin Volden, Tomas Malkenes, Roger Træet og Elisabeth Vågen.

Dei glade vinnarane kan venda seg til kasserar Renate Hellesund, som har kontor i 1. etasje på Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Dei som ikkje vann, må svelgja vonbrotet. Dei kan melda seg til teneste for fotballgruppa ved å ta kontakt med minileiar Anne Helene Vestbøstad eller ungdomsleiar Lisbeth Olsen.