Etter oppteljing i lokala til Sparebank Vest er det no klart kor mange kroner det er samla inn i Fitjar kommune.

Torunn Aarskog er leiar i innsamlingsnemnda. Ho fortel pr telefon i kveld at sluttsummen vart 156600 kr. Det er medrekna beløp som kom inn på førehand. I skrivande stund har ein ikkje oversyn som viser kva resultatet har blitt tidlegare år. Men Torunn Aarskog seier det er god grunn til å vere nøgd med innsatsen.

Ho nyttar høvet til å takke alle bøsseberarane, Sparebanken Vest og alle glade gjevarar i kommunen vår.

steroide kaufen anabolen pillen