Torsdag 4.desember skal «Songlaget Stordabuen», der fleire frå Fitjar er med, syngja i lag med både Geir Lystrup og ein russisk balalaikakvartett.

Arrangørane lovar ein vakker konsert, der altså Geir Lystrup sjølv medverkar,
saman med «Moskva Balalaika Quartet».

Songlaget Stordabuen har øvd ei stund på dei vakre melodiane og har med eigne solistar som deltek i konserten.

Det vert førehandssal av billettar i Kundetorget på Leirvik, i tillegg til at det vert sal ved inngangen. Billettane kostar 250 kr stk.