Fitjar IL var godt representert under Puttefestivalen på Stord i helga, fortel Anne Helene Vestbøstad i fotballgruppa.

I løpet av laurdag og søndag var heile 14 Fitjar-lag i alderen 6-10 år i akjson under Kværner Puttefestival, som Stord IL Fotball arrangerte på Vikahaugane. Fitjar stilte med åtte gutelag, to lag i alle årsklassane 2006, 2005, 2004 og 2003. I jenteklassen stilte Fitjar to jentelag i årsklassane 2006 og 2004, pluss eitt lag kvar av i årsklassane 2003 og 2005. Til saman blir det rundt 90 spelarar, fortel Anne Helene Vestbøstad til Fitjarposten.

Ho er minileiar i fotballgruppa og var naturlegvis til stades. Ho har sendt oss eit knippe med bilete av dei komande fotballstjernene våre.