I helga vart det arrangert Vestlandsstevne i skyting på Voss. Der skaut Sunnhordland sitt rekrutteringslag seg til gull.
Fitjar Skyttarlag var sterkt representert på laget som bestod av Svenn Harald Liarbø, Svein Erik Vik og ankermann Asle Kvamsdal, frå Fitjar Skyttarlag og Anders Hundseid frå Etne Skytterlag.

Svein Erik Vik, klasse Eldre Rekrutt, skaut også til ein delt 3. plass på finfelt laurdag, med resultatet 42/9.

Asle Kvamsdal, klasse Junior, skaut til ein flott 2. plass på bane 100 m, søndag. Resultat 349, berre ein innartiar mindre enn vinnaren.