Ole Bergesen skal styre showet, og Ingrid Bergesen skal syngje når DNB Bank ASA / DNB Eiendom AS inviterer til stor folkeleg opningsfest på Heiane i morgon.

Vidare stiller ein dugnadsgjeng på ca. 20 frå 9. klasse på Rimbareid ungdomsskule. Denne dugnaden vert utført av 12 elevar og åtte foreldre, som ein del av  finansieringa til årets Polen-tur som går av stabelen hausten 2013.

– På programmet er mellom anna stafett mellom Stord Skyttarlag/Stord Skigruppa og Henrik L’Abée-Lund, gullvinnar på stafett i årets VM på rulleski, bumbersbane for ungane, skytekonkurranse, servering frå vår DNB Trailer på hjul, utdeling av «give-away’s», omvising i våre flotte lokale i Stjerneblokka på Heiane, snorklipping, og underholdning, heiter det i ei melding om arrangementet.