I dag har ein solid kontingent fitjarfolk vore med på Nordsjørittet mellom Eigersund og Sandnes.

Nordsjørittet er det nest største sykkelrittet i Noreg, og er på 91 km frå Eigersund i sør til sykkelbyen Sandnes i nord. Løypa går gjennom skog og terreng langs Nordsjøveien, og er såleis ei flott naturoppleving. Me har etter kvart fått eit solid sykkelmiljø i Fitjar, og me finn mange kjensfolk på resultatlista:

M30 Torleif Solli, Rosenberg WorleyParsons  3.19,53
M45 Per Steinar Leirvik, Team Engelsen  03.18,48
M25 Tor Jørgen Larsen, Stord SK  3.20,20
M45 Roger Nesbø, Team Velux  03.22,47
K25 Hildegunn Vestbøstad, Rosenberg WorleyParsons 03.26,53
M55 Harald Engevik, Stord SK / Team Velux 3.30,11
M45 Gisle Vik, Fitjar  3.37,04
M45 Lars Stokken, Team Engelsen  03.44,05
M40 Johan Rune Korsvik, Team Velux  3,47,28
M25 Terje Tislevoll, Team Velux Isola  3.52,05
M45 Vidar Larsen, Skeie Nordsjø Ide & Design  4.02.30
M45 Sigurd Underhaug, Stord SK 4.08,05
M40 Svenn Skumsnes, Stord SK / Team Fitjar  4.18,39
K45 Grete Sunde Vik, Fitjar 4,31,08
M60 Sigmund Sætre, Fitjar IL  4.35,18
M17 Sigvald Leirvik, Team Engelsen 04.56,21

På lista skulle me og ha funne Kjell Tislevoll frå Fitjar, men han fall under sykkelrittet Garborgriket Rundt på Bryne for kort tid sidan. Her braut han to ribbein og strekte leddband i skuldera, så han kunne ikkje vera med i årets Nordsjøritt. Han fortel til Fitjarposten at sykkelkollegaene hans sleit tungt i motvind i dag. Derfor brukte fleire av dei 15-20 minutt lengre tid enn i fjor.