Sørlandsgaloppen er eit orienterings-arrangement med mange ulike orienteringsløyper og konkurransar i ulike klassar. Frå Fitjar IL stilte 3 deltakarar.

Sørlandsgaloppen er eit årleg arrangement, og fann denne sommaren stad i Vestfold, med løp i Stokke, Tønsberg og Tjøme. Galoppen består av 6 dagar med orienteringsløp kvar dag. Veret var ikkje det beste, men det var likevel totalt ca 1000 løparar som stilte til start kvar dag. Orientering er for folk i alle aldrar og passar godt som familieidrett. Løparane vart delt inn i klassar etter alder og nivå.  Den eldste gruppa under Sørlandsgaloppen i år var H80, dvs herrar over 80 år. Dei minste sprang ei merka «små-troll-løype».

Frå Fitjar IL stilte Rolf Atle Rolfsnes i H 35 A-kort. Han har stor orienteringserfaring, og dette var hans 27. deltaking i galoppen. Det var 6 ulike løp i klassen, og Rolf Atle sprang inn til seier i to av desse løpa. Samanlagt etter 6 løp vart han nummer 2 i sin klasse.

Daniel Rolfsnes (8år) og Jakob Rolfsnes (7år) har trass sin unge alder allereie vore med på fleire galoppar og stilte i år og opp i dei 6 løpa i N-åpen.

Du kan lesa meir om Sørlandsgaloppen 2009 og sjå bilete der ifrå på heimesida deira:
http://www.sorlandsgaloppen.no/2009/