Fitjarfolket samla rundt modellen av leiren i Sachsenhausen. Guiden Morten Granberg med kvit jakke og hatt i midten. Foto: Harald Johan Sandvik.

I mange år har 10.-klassingane på Rimbareid skule reist på tur til Polen og Tyskland i haustferien. Fleire av konsentrasjonsleirane frå andre verdskrigen har vore mellom reisemåla.

Skrive av Harald Johan Sandvik

Slik var det også i år. Men turen i år vart spesiell for denne skribenten og familien. Eldste barnebarnet vårt, Anna, og faren hennar, Bård Inge, var med på turen. Anna sin oldefar og min far, Johannes Sandvik, var fange i leiren Sachsenhausen frå desember 1943 til slutten av mars 1945.

Guiden Morten Granberg frå Aktive Fredsreiser heldt ein sterk appell til elevane før Harald Johan Sandvik la ned blomar. Foto: Privat.

Då den store gruppa frå Fitjar, 80 elevar og foreldre, kom til Sachsenhausen fredag 11. oktober, stod me og venta på dei. «Me» var denne gongen mine to søstre, Målfrid og Mette, og Anbjørg og meg.

Rundturen starta ved informasjonsbygget, der det står ein modell av leiren slik den var i 1945.

Fangeleiren Sachsenhausen vart bygt for tyske politiske fangar etter at Hitler kom til makta, men etter kvart som krigen utvikla seg, kom det fangar frå Tsjekkoslovakia, Austerrike, Polen, Frankrike og Russland. På slutten av 1941 var det kome fangar frå dei fleste europeiske landa, og fangetalet auka sterkt. Ved årsskiftet 1944/45 var det 47.565 fangar i leiren. I løpet av krigen vart om lag 2.450 nordmenn sendt hit. 100.000 fangar døydde truleg i leiren på grunn av sjukdom, underernæring eller avretting. Rundt 200 av desse var norske.

Den dyktige, norske guiden vår fortalde levande og dramatisk om livet i leiren, og om dei umenneskelege tilhøva fangane levde under. Han hadde hatt over 40 turar for Aktive Fredsreiser, som arrangerer turane.

Me gjekk langs gata der fangane marsjerte ut kvar dag til arbeidsplassane sine, og inn gjennom hovudporten, som har denne bodskapen: «Arbeit macht frei». Det er på norsk: «Arbeid gjer deg fri». Så kom me inn på appellplassen, der fangane måtte stilla opp både morgon og kveld. Der stod galgen også, og avrettingar der skjedde under appellane, slik at alle skulle sjå på.

- Annonse -

Bak appellplassen kom så barakkene, som vart kalla blokker. Dei var bygde i fire halvmåneforma bogar, alle peika mot hovudporten. No stod det berre eit fåtal blokker att, men det var støypt ringmurar som synte plasseringa av alle, og dei var merkt med dei opphavlege nummera. Alt dette var omringa av ein høg mur, som også var sikra med straumførande piggtråd. Straumstyrken var 1.000 volt. Ingen skulle overleva dersom dei kom bort i gjerdet.

Muren og piggtrådgjerdet rundt leiren. Foto: Harald Johan Sandvik.

Me gjekk innom blokk 38 og 39 som framleis står. Far overnatta i blokk 39 den aller siste natta i leiren, før han vart transportert ut til fridom då han vart henta av «Dei kvite bussane» frå det svenske Røde Kors. I alt køyrde dei ut 27.000 menneske frå konsentrasjonsleirane.

Ved desse blokkene fortalde eg far sin historie til heile gruppa. Det var sterkt å stå i leiren som eg har høyrt om frå eg var liten gut og dela denne historia.

Me gjekk gjennom «Zellenbau», fengselet i leiren med celler i ulike storleikar. Her var det mange skjebnar, og me fekk innblikk i nokre av dei gjennom info i cellene og gjennom guiden sin informasjon.

Vidare var me innom museum med fotodokumentasjon og mange gjenstandar, gjennom fangekjøkenet, dissekeringsrommet og lik-kjellaren før me kom fram til minneplata for dei norske fangane. Der la me ned blomar i respekt for og til minne om dei 2.450 norske fangane som var i leiren under krigen.

Senger frå fangetida, i brakka der Johannes Sandvik var fange. Foto: Harald Johan Sandvik.
Teksten i porten: Arbeid gjer deg fri. Foto: Harald Johan Sandvik.