Spørsmålet er om Fitjarfolk kan hevda dette også etter stortingsvalet 14. september 2009.
Det har alltid vore svært mange i Fitjar som har nytta seg av røysteretten sin. Ved dei to siste stortingsvala har valdeltakinga vore slik i % av tal røysteføre:
2001 2005
Landet 75,5 77,4
Hordaland 77,8 79,2
Fitjar 83,2 83,6
I 2005 var det berre 6 av landet sine ca. 430 kommunar som hadde høgare valdeltaking enn Fitjar. I Hordaland var Fedje kommune best med 84,8 %. Dette betyr at det er lite som skal til for at kommunen vår kan koma heilt på topp både på fylkes- og landsplan. Fitjar er alt i høgaste ”divisjon”, men det er den som vinn førsteplassen som vert lagt merke til.
Media fortel dagleg om land der demokrati er erstatta av rå maktmisbruk, og at dei som ynskjer å bruka røystretten sin risikerar både liv og helse. Å kunna delta i rettferdige og frie val på ein trygg måte slik me gjer her i landet, er eit privilegium som folk i svært mange andre land berre kan drøyma om.
Høg valdeltaking er eit uttrykk for at folk er samfunnsengasjerte og ser verdien av å delta i eit levande demokrati som fungerar. Det er dette veljarane no er inviterte til å vera med på enno ein gong. Fitjarfolk vert med dette utfordra til å gjera bruk av røysteretten sin måndag 14. september.