Fitjar festivalforeining har sendt oss ei pressemelding der dei takkar for all innsatsen under Fitjarfestivalen 2012 som fekk eit publikumstal på rundt 5000 – og som går i pluss økonomisk.

Dei skriv:

Fitjarfestivalen 2012

Fitjarfestivalen 2012 er historie og opplevinga har sige inn i oss. Me kan gle oss over ei strålande helg med flott vër, mykje kjekt program og godt med folk som kom og ville vera med. Over 5000 må ha delteke på dei ulike arrangementa og aktivitetane. I løpet av helga skjedde det, så langt me kjenner til, ikkje ulukker eller skadeverk av noko slag. Folk oppførte seg eksemplarisk og var truleg på festival kun for å ha det kjekt saman med andre.

Når det gjeld økonomien, har me teke ei grovsummering før dei aller siste rekningane er kommen inn. Det vart selt mat, drikke og billettar for vel kr. 700.000 i løpet av helga. Me kjenner oss bra trygge på at det ikkje skal komma store overraskingar på utgiftssida. Dersom dette slår til, vil festivalen enda ut med såpass stort overskot at ein del av det kan betalast ut til dei medlemslaga i festivalforreningen som har bidrege med dugnad til festivalen.

Me har fått registrert mykje av dugnadsarbeidet, men vil ta ein aksjon no i etterkant for å få med resten.

Leiinga i Fitjarfestivalen vil retta ei stor takk til alle som bidrog på ulike måtar for at festivalen let seg gjennomføra. Det har vore rørande å oppleva alt det positive engasjementet som har komme fram. Utan støtta frå næringslivet, kommunen, dugnadsarbeidarane og alle som kom og deltok på festivalen, hadde me vore ei god oppleving fattigare.

Venleg helsing
Harald Rydland,
Leiar i Fitjar Festivalforeining