Mange nyter god lokal mat i teltet i 2017. Foto: Ingrid Hovstad

Allereie på torsdag brakar årets Fitjarfestival i gang, og arrangørane gler seg til ein festival med tettpakka program for store og små.

– Fitjarfestivalen fyller 10 år! Og då er det på sin plass med ein skikkelig familiebursdag, melder styret i ei pressemelding.

Årets festival har som tidligare stort fokus på familieopplevingar, og aktivitetar for store og små. Festivalen blir starta med kyrkjekonsert med Maria Arredondo på torsdag. Medan offisiell opning vil skje fredag kl. 16.00.

Bodgata 2017. Foto: Ingrid Hovstad

Det er ei stor og variert bodgate, med mykje spennande produkt. I festivalteltet blir det også servert god lokal mat og drikke! Bjørn Jensen & Klabbetryne vil sørgja for liv i teltet på fredag, medan Åsmund Nesse og Smelta Smør spelar på laurdag. Begge dagar fortset festen med dyktige artistar på Fitjar Fjordhotell.

Søndag vert det gudsteneste v/Roald Drønen, deretter vert det mogleg å kjøpa søndagsmiddag i festivalteltet.

I tillegg til rikt utval i bodgata vil det verta gratis sjørøvarshow, veteranbilar, Eliasbåten, ansiktsmåling, såpefotball og kunstutstillingar.

Tradisjonen tru blir det også fiskefestival på laurdag.

Såpefotball 2017. Foto: Ingrid Hovstad

– Me anbefaler folk å spasera til sentrum, komma med båt eller parkera ved Fitjar Kultur og Idrettsbygg. Blide parkeringsvakter vil stå klar og hjelpa undervegs, skriv årets styre, som gler seg til festival, og ønskjer alle hjarteleg velkomen!

Fiskarane retunerer 2017. Foto: Ingrid Hovstad
- Annonse -