Me har nettopp fått oss hytte i Kråko, så dette er første gong me er på Fitjarfestival, seier mor og dotter Gjelvik til fitjarposten.no.

– Det har elles vore ein herleg start i møte med Fitjar, smiler dei – og syner til mykje godvêr sidan dei flytta inn i ny hytte i Vesthaugane på Kråko for 14 dagar sidan.

Me snakkar om Britt Gjelsvik og dottera Maren med vesle Sune på fanget.

Så langt har mykje av tida gått til å montere IKEA-møblar, men dei har og fått kost seg i Breiavikjo og prøvd seg på ein fjelltur. – Etter kvart vil me óg henta fiskeutstyret fram, seier dei, og gler seg over at dei har flytta inn tidsnok til å få med seg Fitjarfestivalen.