I mange år har Fitjar-dommarar markert seg positivt på fotballbanen, men det ser ikkje ut til at ungdommen står i kø for å ta opp arven etter dei gamle heltane.

I desse dagar prøver Finn Ingvar Havnerås å rekruttera nye fitjarbuar til eit dommarkurs som går av stabelen om to veker. Saman med Roald M. Nilsen har han arbeidd i mange år med å setja Fitjar på dommarkartet. No viser det seg at ingen frå Fitjar har meldt seg på dette kurset.

Finn Ingvar ønskjer å minna om at det er kjekt å vera fotballdommar. Det same meiner dei gamle heltane me har bilete av ovanfor.

Hordaland Fotballkrets arrangerer rekrutteringsdommarkurs i Solidhuset laurdag 13. og søndag 14. februar. Finn Ingvar seier han kan ta imot påmelding heilt fram til neste fredag. Så no ønskjer han at håpefulle fitjarungdommar lar seg freista.