På Åråsen blei det søndag ettermiddag avvikla ein historisk fotballkamp; det var tidenes første NM-finale for junior kvinner. Det var nok òg første gongen Fitjar Idrettslag var representert i ein NM-finale i fotball.

Signe Kvalsvik Rydland fekk gleda av å vera assistentdommar i kampen mellom Team Strømmen og Klepp. Kampen blei dømt av FIFA-dommar Marte Sørø, Malmefjorden. I tillegg til Signe frå Fitjar IL hadde ho med seg FIFA-godkjent assistent Vibeké Larsen frå Tromsø IL.

Kampen enda 4-1 til Klepp, som dermed fekk æra av å bli den aller første NM-vinnaren i fotball for kvinner junior.

I Jærbladet på net kan du lesa referat frå kampen:

http://jbl.no/modules/module_123/proxy.asp?C=167&I=28286&D=2&mid=289