Fitjardommaren Børge Skaar dømte sin første ellevarkamp i Prestagardsskogen i førre veke, og hamna i sentrum for ei stor Fair Play-markering i regi av Hordaland Fotballkrets. Foto: Grethe Fadnes Hansen.

Børge Skaar er ein av fire unge Fitjar-dommarar som har teke rekrutteringsdommarkurs i vinter. Han har dømt ein del sjuarfotball, men kampen mellom jentelaga til Trott og Solid skulle bli debuten hans som dommar i ellevarfotball.

Her hamna han i ei storstilt Fair Play-markering i regi av Hordaland Fotballkrets. Til stades frå kretsen var Grethe Fadnes Hansen, som hadde invitert begge laga til eit kort informasjonsmøte før kampen.

Ho blei einig med laga om to viktige målsetijingar for kampen, å snakka fint til kvarandre, og å gjera kampen til ei god oppleving for dommaren.

Etter det me forstår, blei det ei god oppleving for den unge dommaren Børge Skaar, og me ønskjer han lukke til vidare.

Meir om Fair Play-markeringa i Prestagardsskogen kan du lesa på heimesida til Hordaland Fotballkrets.