Ni ungar frå friidrettsgruppa til Fitjar idrettslag deltok på seriestemne på Stord stadion mandag kveld.

Denne ettermiddagen kunne ein delta i øvingane 100 meter, 60 meter hekk, kula, spyd og tresteg.

Tone Brakedal og Thea Vestbøstad, som begge er fødd i 1999, var dei einaste frå Fitjar som melde seg på hekkeløp. Hekkane er heile 68 cm høge og står med ein avstand på 6,5 meter. Løpet er 60 meter langt, og begge fitjarjentene synte at dette er ei øving dei meistrar godt. Tone kunne jubla over tida 12,74 og Thea jubla for tida 13,71.

Dei fleste frå Fitjar er flinke løparar og deltok på 100 meter, der dei fekk fylgjande tider: Sandra Pedersen 15,59, Tone Brakedal 15,76, Guro Rimmereid 16,34, Thea Vestbøstad 17,19, Marte Rimmereid 17,78, Torstein R. Kjelling 18,12 og Ådne K. Vik 16,17.

Friidrettsgruppa, som trenar i Fitjar idrettspark kvar tysdag klokka 17.00, har ikkje øvd så lenge på spydkast, men Ingrid Tveita heiv seg utpå og sende det 400 gram tunge spydet 8,84 meter avgarde.

Ein annan forholdsvis ny aktivitet for våre utøvarar er tresteg. Dette er ein krevjande teknikk i starten, og det vart ein del døde hopp, men likevel mange gode prestasjonar og mange personlege rekordar. Resultat tresteg: Marte Rimmereid 6,55, Markus K. Vik 5,43, Tone Brakedal, 8,46, Thea Vestbøstad 6,48, Sandra Pedersen 7,08, Ingrid Tveita 5,41, Ådne K. Vik 6,58 og Bård Inge Bø 11,27 m.

For Guro Rimmereid og Ådne K. Vik er kula ei av av favorittøvingane. Ådne som no er 12 år må støyta ei kula på 3 kilo. Kula såg ut til å fyka lett av garde ut av handa på ein svært konsentrert utøvar, og hamna i det beste støyte på 6,15 meter. Guro, som fortsett kastar 2-kiloskula, fekk notert 7,39 som sitt beste støyt. Resten av fitjargjengen skulle og bruka kula på 2 kilo og fekk notert fylgjande som sitt beste støyt av fira forsøk: Ingrid Tveita 6,06, Marte Rimmereid 5,70, Tone Brakedal 5,38 og Markus K. Vik 4,61 m.

Utøvarane konkurrerer først og fremst mot sine eigne tidlegare resultatet, og både dei og trenarane Bård Inge Bø og Rolf Vik gler seg storleg over stadig bedre resultat og nye personlege rekordar. Det vert og rikeleg høve til nye personlege rekordar dei tre neste tysdagane, for då vert det seriestemne på Fitjar, i idrettsparken klokka 17.00. Siste stemnedag, 28. september, vert avslutta med fest, premiutdeling og mat i klubbhuset for alle utøverane.