Ein gjeng frå friidrettsgruppa til Fitjar Idrettslag tok laurdag 31. mai turen til Framoleikane på Fana stadion.

Dagen starta med frukost på ferja til Halhjem for nokre av deltakarane, og klokka 9.45 var me på plass på Fana stadion. 

Allereie klokka 10.05 var øvingane i gang.

Først ute var Markus Vik og Vegard Aarbø i lengdehopp for Gutter Rekrutt (8-9 år).  Så var det Susanne Vestbøstad og Oda Rydland sin tur på 60 m for Jenter Rekrutt.  Alle rekruttane vart premierte for 60 m, og fekk ein fin medalje. 

Jentene var i aksjon like etterpå med lengde, som var siste øving for dei. 

Kl 13.15 var me tilbake på banen, og følgde Vegard Aarbø og Markus Vik på 60 m.  Like etter kunne endeleg Ådne Vik og Ola Fitjar stilla seg på startstreken til ein 60 m for Gutter 10.  Sindre Aarbø var den som måtte venta lengst på å komma i gong. Først klokka 13.50 var det klart for 60 m for Sindre i klassen for Gutter 11.

Etter ein litt lengre pause var det lengdehopp for Sindre Aarbø og 600 m for Ola Fitjar.

Det var eit strålande vêr med varm sol og rikeleg med plassar i skuggen for dei som ville ha det litt svalt.  Arrangementet var svært profesjonelt gjennomført, og unge uerfarne born kjempa på same bane som ungdommar som kjempar i Norges-eliten. 

Nivået på mange av dei me var saman med, var nok svært høgt, men i idrett skal det vera plass til alle som vil delta.  Me er fornøgde og hadde håpa på enno fleire deltakarar frå Fitjar.

Takk til  Tom Rydland og Rolf Vik som var med både som trenarar og fedre.