Fitjar sitt damelag spelte søndag sin første bortekamp for sesongen, mot Vestsiden/Askøy, og kom heim med 3 poeng etter 6-5 i ein spennande kamp.

Vestsiden/Askøy sjokkopna med å ta ledelsen alt etter 15 sekund av kampen. Den første halvtimen bølga spelet att og fram med V/A heile tida i ledelsen, men der Fitjar var kjapt frampå med utlikning. Stina Rimmereid sitt utlikningsmål til 2-2 var dagens prestasjon; ho tar med seg ballen rett etter avspark, drar seg forbi det som er av V/A spelarar før ho litt heldig set ballen oppe i lengste vinkel! Debutant Martine Engelsen sender Fitjar-damene i ledelsen for første gong i kampen 10 min. før halvtid, ein ledelse laget tar med seg inn til pause.

Når Britt Lise Volden og Stina Rimmereid er frampå med kvar si scoring tidleg i andre omgang, reknar nok dei fleste med ein komfortabel Fitjar seier. Men Vestsiden/Askøy gav på ingen måte opp; laget hadde fleire gode spelarar og tråkka skikkeleg til i duellane. Laget reduserte to gonger, og det blei ein nervepirrande avslutning på kampen, men Fitjar-damene rei stormen av på slutten og kunne ta med seg tre nye poeng heim til Fitjar.

Nok ein gang var det ein lagseier, med eit ekstra pluss til 4-målsscorar Stina Rimmereid og Anne Helene Vestbøstad på midtbanen.