Handballdamene til Fitjar har vore i Bergen i ettermiddag, og tapte med minst mogeleg margin i kampen mot serieleiar Gneist 2.

Frå sin plass midt på tabellen i 5. divisjon hadde Fitjar-damene eit langt stykke opp til serieleiaren. Dei var såleis langt frå favorittar i dagens seriekamp i Sandslihallen i Bergen.

Favorittstempelet blei ikkje større av at fleire fleire av damene måtte melda forfall til kampen. Og trenar Trond Arnevik måtte reisa til Bergen med berre sju spelarar, slik at keeper Lisa Folkedal måtte spela utpå heile kampen.

Men dette hindra ikkje dei sju Fitjar-damene å spela ein kjempekamp mot serieleiarane. Og det heldt nesten heilt inn; Gneist scora sigersmålet berre 10 sekund før slutt! Dermed blei det tap 22-23 i ein kamp der damene absolutt hadde fortent betre.

Det var sjølvsagt surt å tapa poenga på denne måten, når dei var så nære. Men trenaren noterer på plussida at damene spela ein veldig bra kamp. Toppscorar blei vingen Miriam Almås, med heile åtte mål. Elles spela blant andre Julie S. Jensen ein veldig god kamp, seier trenar Trond Arnevik.

Fitjar sitt lag mot Gneist 2 (mål i parentes): Ida S. Fitjar (k), Charlotte A. Levåg (4), Miriam Almås (8), Marita Nysæther, Julie S. Jensen (3), Ingvild Rimmereid (6) og Lisa Folkedal (1).


Julie Skjerve Jensen med god kamp mot serieleiaren. Arkivfoto FP/KR.