Handballdamene til Fitjar IL sikra seg to poeng søndag ettermiddag med eittmålssiger mot Flaktveit i Åsane.

Fitjardamene reiste kjerringa etter den bedrøvelege heimekampen mot Kleppestø førre søndag. I Flaktveithallen i Åsane sleit dei seg til ein fortent 20-19-siger mot tabellnabo Flaktveit.

Trenar Trond Arnevik seier seg godt fornøgd med kampen, sjølv om damene hans brende heile fire straffekast.

Etter søndagens topoengar i Flakteithallen i Åsane har damene karra seg opp på ein fin femteplass på tabellen i 5. divisjon. Neste sjanse til poeng kjem søndag 4. januar, mot opprykkskandidat Salhus. 

Terminliste og tabell for 5. divisjon kan du studera her.