Tommy Laitinen sette løyperekord i fjor, vonleg kjem han attende i år. Foto: Kjetil Rydland.

Søndag 11. oktober går Fitjardalten av stabelen for 28. gong. Fitjar Idrettslag håper på godt og lagleg ver, og at mange stiller opp.

I den ordinære Fitjardalten er det som vanleg to klassar, tur-klassen og trim med tidtaking. Turklassen startar kl 13.00; for deltakarane her er det fleire alternativ. Dei kan gå rundt Vestbøstad heilt i sitt eige tempo, eller dei kan be om tidtaking og få turen godkjent til idrettsmerket.  I tillegg blir det høve til å velja Rossnesdalten, ein minidalt på 2,5 km.  «Trim med tidtaking» er konkurranseklassen, som startar kl. 14.00. Begge klassane startar som vanleg frå Fitjar Idrettspark.  Tilbodet til dei minste er ein minidalt som startar ved tidtakarbua kl. 14.05. Den er på 600 meter og går eit lite stykke inn i byggjefeltet i Bakkjen før dei kjem tilbake til idrettsparken.

Dagen etter blir det oppsamlingsheat for funksjonærar, måndag 12. kl. 18.00.Startkontingent i turklassen er kr 50 for vaksne, born kr 30 og kr 150 for familie. I klassen med tidtaking er kontingenten kr 100. Arrangøren tar imot påmelding ved start fram til kl. 13.30.

Fitjar Idrettslag lokkar med gåvepremiar og vandrepokal for beste dame og herre. Men den viktigaste intensjonen med Fitjardalten er å få så mange som råd er opp av godstolen og ut til litt sunn trim. Vermeldingane er ikkje dei aller beste, men Øyvind Skålevik i idrettslaget garanterer sol og fint ver…

Nærmare opplysningar på heimesida til Fitjar Idrettslag
http://idrett.speaker.no/il/fitjar

Tommy Laitinen sette løyperekord i fjor, vonleg kjem han attende i år. Foto: Kjetil Rydland.