Førstkomande søndag, 14. oktober, blir Fitjardalten avvikla for 31. gong.

Bård Inge Bø i Fitjar Idrettslag melder at Fitjardalten nærmar seg med stormskritt. Førstkommande søndag går det tradisjonsrike løpet av stabelen frå Fitjar Idrettspark. Under den våte og kalde jubileumsdalten i fjor deltok over eitt hundre fitjarbuar og tilreisande løpsentusiastar. Friidrettsfolket i Fitjar vonar på betre vêr og minst like god deltaking i år.

Påmelding søndag frå kl. 12.00.
Start turklassen og konkurranseklassen kl. 13.00.
Minidalten startar kl. 13.05.