Førstkomande søndag er det igjen klart for haustens vakraste eventyr, Fitjardalten.

Det er Bård Inge Bø i Fitjar Idrettslag som melder melder dette til Fitjarposten. Søndag 13. oktober går det tradisjonsrike løpet av stabelen frå Fitjar Idrettspark. Løypa er 8,7 km lang.

Påmelding ved start søndag frå kl. 12.00.
Start turklassen og konkurranseklassen kl. 13.00. Premie til dei tre beste kvinner og menn.
Minidalt startar kl. 13.05. Den er for alle barn opp til 12 år, i ei løype på om lag 550 meter. Her blir alle deltakarane premierte.

Friidrettsfolket i Fitjar vonar det gode vêret held seg, og minst like god deltaking som dei siste åra.