Start og mål utanfor Kulturhuset gjer løypa kortare enn tidlegare år, og det er god plass innandørs ved innmelding og registrering.

Eit anna nyhende er sal av betasuppe. Endringane gav positive utslag for dagens Fitjardalt. Nesten 150 personar stod på deltakarlista og det viser god auke både på turmarsj og løp. Fjorten barn stod klar då startskotet gjekk for minidalten. Alle desse fekk medalje då dei kom i mål. Det skulle også vere nok medaljer til dei som gjekk turmarsj, til saman 97 personar. Personar som skulle ta uthaldsdel i samband med idrettsmerke, måtte gå opp til Idrettsparken og ta tre rundar før retur til utgangspunktet. 10 kvinner og 38 menn sprang av stad på løp då startsignalet gjekk. Berre 19 var med i fjor. Dei tre beste på kvinne- og herrelista vart tildelte pokalar. Alle turgåarar og løparar rakk å gjennomføre før regnet sette inn. 

Dei tre beste damene kom i mål med desse tidene: Nina Aarbø Olsen   26.53. Solfrid Sandvik Bø  30.07. Ina Engevik  30.29.                                  For dei tre beste mennene var resultatet slik: Anders L E Magnussen  23.51. Bård Inge Bø  23.56.  Rune Kvilhaugsvik  24.10.

Ingressbilete Turid Sandvik: Start for dame- og herreløp.