Søndag er det duka for den 29. Fitjardalten sidan oppstarten i 1982, og Rolf Vik i arrangementskomiteen trur på topp deltaking dersom det gode vêret held seg. Saman med Per Audun Kloster har Rolf Vik vore med på Fitjardalten 28 gonger på rad, og om eitt år kan dei to eldsjelene såleis feira 30-årsjubileum. Dersom både dei og Fitjar Idrettslag klarer å halda på formen eitt år til. Rolf seier det sikkert er litt for mykje å vona på ny deltakarrekord. Den lyder på 526, og blei sett i 1983. Den gongen døypte bladet Sunnhordland løpet om til «Folkedalten 83».

Men kanskje dei kan slå deltakartalet frå i fjor? Etter måndagens oppsamlingsheat for stemnefunksjonærar kom ein opp i 118 i fjorårets Fitjardalt. Fordelinga på dei ulike klassane den gongen blei slik:

Minidalten:               30

Utan tidtaking:         58

Med tidtaking:          22

Oppsamling måndag:   8

Øyvind Skålevik i Fitjar Idrettslag seier at det ikkje har kome inn så mange påmeldingar enno. Men dei fleste melder seg på rett før start. Fitjarposten minner om meldinga i kalenderen vår; programmet søndag blir slik:

– Påmelding frå kl. 12.00.

– Start turklassen kl. 13.00.

– Start trim m/tidtaking kl. 13.00.

– Start minidalten kl. 13.05.

Vonleg stiller fjorårsvinnarane Bjørn Tore Taranger og Astrid Dahle skarpskodde på startstreken også i år, saman med minst hundre andre like skarpskodde.

http://www.fitjarposten.no/artikkel/4306_favorittsigrar-i-fitjardalten