Søndag 12. oktober går Fitjardalten av stabelen for 27. gong. Å slå deltakarrekorden frå 1983 på 526 er vel for mykje å håpa på, men Fitjar Idrettslag håper på godt og lagleg ver, og at mange stiller opp.

I den ordinære Fitjardalten er det som vanleg to klassar, tur-klassen og trim med tidtaking, i løypa på 9 km. Turklassen startar kl 13.00 og konkurranseklassen startar kl. 14.00. Begge klassane startar som vanleg frå Fitjar Idrettspark. I tillegg blir det arrangert Rossnesdalten, ein minidalt på 2,5 km. Dagen etter blir det oppsamlingsheat for funksjonærar, måndag 13. kl. 18.00.

Startkontingent i turklassen er kr 50 for vaksne, born kr 30 og kr 150 for familie. I klassen med tidtraking er kontingenten kr 100. Arrangøren tar imot påmelding ved start fram til kl. 13.30.

Fitjar Idrettslag lokkar med gåvepremiar og vandrepokal for beste dame og herre. Men den viktigaste intensjonen med Fitjardalten er å få så mange som råd er opp av godstolen og ut til litt sunn trim.

Nærmare opplysningar på heimesida til Fitjar Idrettslag: http://idrett.speaker.no/il/fitjar