Fitjardalten 2019. Foto: Ingrid Hovstad

Det vert Fitjardalt i 2020 ogso, men i år i koronavenleg form.

I eit heilt spesielt år med mange avlysingar er det nok ekstra stas for dagleg leiar i Fitjar Idrettslag, Vidar Aarskog å invitera til Fitjardalten 2020.

– Ja, me gler oss veldig til å kunna invitera Fitjarbuen og andre lokale løparar til Fitjardalten 2020, fortel Aarskog.

Han fortel at dei har bestemt at det vert puljestart under årets løp, og at alle påmelding må skje på nett på førehand.

– Alle som skal springa må melda seg på digitalt, og første puljen startar kl.13, opplyser Aarskog.

Diverre vert det ingen minidalt i år, men kanskje turmarsjen kan vera eit kjekt alternativ?

– Det vert diverre for vanskeleg å ha godt smittevern under minidalten, men turmarsjen går som normalt. Berre møt opp, registrer deg før kl.11 og gå turen, avsluttar Aarskog.

For meir informasjon og lenkje til påmelding sjå Fitjar Idrettslag sine nettsider/sosiale medium.