Liene Tolka sikra seg svært billige skeiser og tilhøyrande hjelm. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjarbuen var meir enn dobbelt så gavmilde som stordabuen under TV-aksjonen. 

Fitjar kommune er blant kommunane i Hordaland som gav mest under årets TV-aksjon. Sør på øya sto det ikkje like bra til.

Tala for årets TV-aksjon til inntekt for Care Norge syner at fitjarbuen har vore svært gavmild.

Det vart samla inn 67.50 kroner per innbyggjar på Fitjar. Av desse kronene vart 38 kroner levert i bøsser, skular og barnehagar samla inn 12 kroner og næringslivet 13 kroner.

I Hordaland er det berre fire av dei aller minste kommunane i fylket – Modalen, Fedje, Eidfjord og Jondal – som har samla inn meir per innbyggjar. Alle desse kommunane har eit inbbyggjartal som er lågare enn 1100.

Fitjar kommune hamnar på ein 34. plass over dei mest givarglade kommunane på landsbasis.

Men i Stord kommune står det ikkje på langt nær like bra til. Her vart det ikkje samla inn meir enn 33 kroner og 64 øre per innbyggjar. Altså halvparten av kva fitjarbuen donerte.

Av desse kronene vart 20 kroner samla inn via bøsse, 9 kroner frå næringslivet og 4 kroner frå skular og barnehagar.

- Annonse -

Både Fitjar og Stord kommunar har donert 2 kroner per innbyggjar.

Totalt vart det samla inn 633.000 kroner i Stord kommune i årets TV-aksjon. Det er vesentleg lågare enn TV-aksjonen i fjor, då det vart samla inn over 1 million kroner frå strdabuen.