Laurdag 26. juni skal fitjarbuane Per Egil Larsen og Årstein Tislevoll spela på ein Tributekonsert på Byscenen i Haugesund.

Konserten er til ære for avdøde Ronnie James Dio, og overskotet fra konserten går til kreftforsking på barn. På konserten deltek musikarar i frå heile Sunnhordland og Haugaland. Byscenen stiller lokale og lydmann, og Karmøygeddon står for arrangementet.

-Dio er ein av dei verkeleg store innan metal-sjangeren. Han har laga songar som Holy Diver og The last in line. Han har vore med i fleire band. Mellom anna Rainbow, Black Sabbath og ikkje minst DIO. I Black Sabbath tok han over som vokalist etter Ozzy Osbourne. Eg har vert så helidig å sjå Dio Live ved fleire anledningar. Det har rett og slett vore ei fantastisk oppleving, seier Per Egil Larsen til fitjarposten.no

Ronnie James Dio døde av kreft 16. mai i år, og denne konserten er for å æra han og musikken hans. DIO starta òg sitt eige kreftfond. Ronnie James Dio Stand up and Shout Cancer fund.