Når distansen blir lang nok, held Halvor Aga følgje med den beste 800-meterløparen i landet. Foto: FP-arkiv.

Mange spreke fitjarbuar viste seg fram under gårsdagens Sunnhordland Maraton, og av desse var det ikkje uventa Halvor Livastøl Aga, Nina Aarbø Olsen og Tor Henning Vestbøstad som imponerte aller mest.

Unge Halvor Livastøl Aga kom i mål som nummer 7 av alle i løypa på 10 km, og vann klassen sin. Han sprang eit veldisponert løp, der siste kilometeren gjekk fortast av alle. Tida 41,34 er ei forbetring på rundt halvtanna minutt frå i fjor. Han kom i mål 6,51 minutt bak vinnaren Lars Lunde, som sette ny løyperekord.

Nina Aarbø Olsen har kvilt seg i form, meiner vår mann på friidrettsbanen, Bård Inge Bø.  Ho forbetra seg òg frå i fjor, og kom i mål på tida 42,41. Det er 14. beste tida totalt i den 10 km lange løypa. Ho hadde berre to kvinner, Monika Vassbø og Katrine Hillestad, framfor seg på resultatlista.

Tor Henning Vestbøstad blei nummer 7 på halvmaraton. Tida 1.28,30 er veldig sterk i ei slik løype under dei rådande forholda med ein del vind, meiner vår friidrettsekspert, Bård Inge Bø. Tor Henning var berre 11 minutt bak vinnaren, Thomas Finshus, frå Stegaberg IL.

Eit søk etter fitjarfolk på EQ Timing viser ei rekkje interessante namn. Veteranane Kjell Magnar Helland og Per B. Bergesen er blant dei som viste solid form ved å gjennomføra halvmaraton i fin stil. Den einaste frå Fitjar IL som sprang den fulle maratondistansen, var Sverre Fangel Brekke.

Bård Inge Bø har tråla alle listene og har funne fleire interessante namn. Kjell Ove Korsvik, Silje Fjøsne, Marita Nysæther, Arne Drønen, Harriet Tverderøy, Lovise Vestbøstad, Håkon Vestbøstad, Mai Britt Sandtorv, Johnny Raunholm, Alf Helge Vestvik, Jan Martin Bernes, Brynjar Traa, korpsdirigent Svenna Koppang og Arve Havnerås har alle ein relasjon til Fitjar.

Me gratulerer alle desse, og alle dei me har oversett, med imponerande innsats!