Som me tidlegare har skrive på fitjarposten.no skal Fitjar IL sine fotballag Superveteran, Veteran og Old Girls delta i Veterancupen i Lærdal. No har desse laga teke initiativ til ein innsamlingsaksjon for barneidretten i den brannramma byen.

Ole Bergesen har på vegner av laga sendt følgjande brev til dei andre cupdeltakarane:

«Hei alle Veterancupdeltakere!

Etter dramatiske nyheiter frå katastrofen i Lærdal er me svært glade og ikkje minst imponert over at det blir Veterancup 2014. Det vitnar om at her er folk som står på og vil at livet skal gå vidare uansett kva motbør ein møter. Eg føler at eg har mange med meg når eg no, på vegner av Fitjar IL sine lag og forhåpenlegvis alle andre lag, vil dra i gong ein innsamlingsaksjon frå alle oss veterancupdeltakere.

Pengane me greier å samle inn skal gå uavkorta til Lærdal Idrettslag, Barneidrett som fekk brent ned klubbhus/lager med premiesamling , utstyr bl.a nyinnkjøpt for 22.000. Me set ut innsamlingsbøtter i resepsjonen på Lærdal Hotel, frå fredag og til ca 22.00 i banketten. Då vil me telje opp og overrekke gåva til rette vedkomande.

Håpar givergleden er stor og at me på denne måten kan visa at me set pris på denne fantastiske cupen og at vårt bidrag vil hjelpa til i eit hardt råka lokalsamfunn.

Støtt opp om Lærdal Idrettslag, Barneidrett!»

Fitjar IL, Superveteran, Veteran, Old Girls.

Roald Flodsand som er general for cup-en i Lærdal, seier til fitjarposten.no at dei er svært takknemlege for det initiativet fitjarlaga, med Ole Bergesen i spissen, har teke.