Juleutstillarar i Moster Amfi i år er fitjarbuane Bjørg Strømme, Maren Sofie Strømme og Alma Kjærland.

Utstillinga vert opna laurdag 12. november kl. 12 ved ordførar Wenche Tislevoll.

I dag var kunstnarane på plassen og monterte det som skal stillast ut. Bjørg og Maren Sofie stiller mellom anna ut vesker og armband i fiskeskinn. Alma stiller, ikkje uventa, med glasprodukt i form av englar, fat, kattar og meire til.