Mange sat oskefast etter vulkanutbrotet på Island i fjor. No har det skjedd igjen. Ei gruppe frå Sveio med Bjørg og Karvel Strømme som reiseleiarar, kjem seg ikkje heim i dag.

Karvel skriv til fitjarposten.no:

«Ei helsing frå Bjørg og meg her på Island.

Me har hatt ein flott tur med Hrafna-floke gruppa fra Sveio, men fekk i går kveld meldinga om det nye vulkanutbrotet då vi kom i resepsjonen på hotellet.

Størstedelen av gruppa kom seg av garde i tidlegare i dag, men no er flyplassen heilt stengt. Bjørg og eg skal vere til torsdag, men ein rest av gruppa skulle reist i løpet av dagen i dag. Dei er no oskefaste!

Me kjem truleg til å leige ein bil for å køyre søraustover mot Vatnajøkull og utbrotsområdet.

PS. Følg med pa TV 2 nyheitene, for vi har ein filmfotograf med på gruppa.