Politiet fekk rundt klokka 04.30 i natt melding om husbråk og slagsmål i Fitjar.

Politiet sendte ut ein patrulje som kunne konstatera at ein 19-åring var slegen til blods i ansiktet/hovudet. 19-åringen fortalde at han var banka opp av fire personar.

Patruljen har søkt etter personane utan resultat. 19-åringen blei køyrt til legevakt av ambulanse. Det er uklårt kva for skadar han elles kan vera påført, fortel politiet.