For ein del  år sidan tok Trygve Eiken initiativ til sommarbasar på Espevær. I går vart basaren arrangert for 5. gong. Til saman på desse fem åra har dei fått inn rundt ein halv million kroner på basaren. Foto: Håkon C. Hartvedt

Så er då òg bedehuset basaren går til sprengfullt kvar gong. Både av folk som bor på Espevær og av tilreisande frå store delar av området rundt.

Resultatet i går vart på 99 000 kroner, og då dei fire tidlegare basarane til saman henta inn 365 000 kroner netto, kan me altså snakka om nærare ein halv million kroner totalt.

Frå forsamlinga. Foto: Håkon C. Hartvedt

Bygt i 1907
Bedehuset på Espevær vart bygt i 1907, og sjølv om det har vore brukbart vedlikehald gjennom åra, var det likevel naudsynt å få gjort noko meir omfattande. Det var òg noko som folk på plassen snakka om. Så då Trygve for fem år sidan kom med idéen om å halde basar, fekk han med seg folk med ein gong.

I starten var nok Trygve ein primus motor. Men etter kvart har dei som bur fast på plassen, med Eva Sønstabø i spissen, teke over hovudansvaret for basaren med alt frå mat, gevinstar og meire til. Men Trygve leiar framleis det heile, har ansvaret for at trekkinga går som det skal og skaffar songar og talar.

Eva Sønstebø. Foto: Håkon C. Hartvedt

Utbetringar
Sidan 2009 har ein av basarpengane pluss gåver frå Haugesund Sparebank, Finnås Kraftlag og litt stønad frå Bømlo kommune, fått gjort ein god del utbetringar på huset. Mellom anna har ein hatt av skiferen på taket, skifta sutak og det andre som skulle til under, og lagt skiferen på igjen. Vidare har ein fått sett inn nye vindauge og fått ein ny vegg i sør. Nytt kjøken med alt som skal til, opprusting av litlesalen og asfaltering av plassen utanfor er òg blitt gjort.

Av planar framover står mellom anna måling.

Talarstolen i Espevær Bedehus er både gamal spesiell med inskripsjonar på latin. To av dei tyder: «Frelse vil eg!» og «Om Gud er med oss, kven er då imot oss». Foto: Håkon C. Hartvedt

Maritimt preg
Basaren er opplagt som andre bedehusbasarar med sal på bok, åresal, andakt og song. Men som Hatlevikbasaren har gevinstane her òg eit maritimt preg. Her finn me mellom anna ruser, merdar, teiner, fersk og røykt laks mellom det som det vert teke lodd på. Og basarstemninga er upåklageleg. Akkurat slik «søe»som det skal vere på ein triveleg basar.

Gevinstar. Foto: Håkon C. Hartvedt