Frode Helland. Foto: Idealhus

Frode Helland (50) som kjem frå Fitjar blir ny dagleg leiar for VTA-bedrifta Podlen Verkstad.

– Frode Helland har ein variert og mangslungen utdanning- og yrkesbakgrunn. Han er byggingeniør, og arbeider no som byggeleiar og seljar, opplyser styreleiar i Podlen Verkstad, Johannes Landmark i ei melding.

Helland er født og oppvaksen på Fitjar. Han bur no i Sagvåg, og er 50 år gammal. I dag jobbar han i Idealhus.

– Han har arbeidd lenge i byggebransjen, og har også utdanning som byggmeister. I tillegg har han fagbrev som bakar/konditor.

I fritida har han vore engasjert som fotballtrenar for born og unge.

– Gjennom yrkesbakgrunnen sin og som fotballtrenar, har han gode kunnskapar om lokalmiljøet, det gjeld både Stord og nabokommunane, skriv Landmark.

Det var 17 søkjarar til den leiarjobbe. Stillinga vart lyst ut i samband med at noverande leiar, Odd Stuve Rommetveit, går av med pensjon.

Helland vil byrje i jobben 1. november.

- Annonse -