Ingrid Aarskog er fitjarbu nummer 3000. I dag var fitjarordførar Wenche Tislevoll på besøk med gåvesjekk frå Fitjar kommune, signert på like mange kroner.

– Ja, dette hadde me sjølvsagt planlagt, ler Trond Skåtun Aarskog og ristar samstundes på hovudet. Saman med Elin Eidet er han forelder til den vesle som på denne måten vert historisk. Elin er hjelpepleiar på Havnahuset. Trond driv som tømrar.

Sjølve fødselen fann stad 14. mai, men det var først då den siste statistikken kom 15. august at ein kunne kåra innbyggjar nr. 3000. Statistikken synte at me var 3008 innbyggjarar ved siste registrering, og då var det berre å telje litt tilbake for å finne ut at det var Ingrid Aarskog som skulle kårast.

Den vesle familien syntest det var kjekt å bli gjort litt stas på, og Ingrid vil nok få høyre meir om dette etter kvart som ho veks til.

– Veldig gledeleg at me er ein kommune i vekst, seier ordføraren.