CD-omslaget. Foto: Askeladden promo

 

Fitjarbuen Johannes Aadland kjem 13. februar ut med CD saman med gruppa Askeladden og skal i det høve ut på ein liten turné.

Saman med Torstein Mongstad og Simon Kleppe Røskeland utgjer Johannes Aadland gruppa Askeladden, der Aadland syng og spelar piano. No er debutalbumet På god veg spelt inn og klart til å lanserast med ein liten norgesturné. Turnéen startar i Bergen sjette februar, men Fitjar står ikkje på lista over plassar som blir vitja. Skal du få med deg bandet i levande live under denne turnéen, er dei næraste spelestadane Bergen eller Haugesund

Bandet har tidlegare gitt ut fleire singlar tidlegare og  Sjå fram, Fin og fjong og Huldra er singlar som har fått speletid på radio.

Meir informasjon finn du på nettsida til gruppa. I tillegg til Fitjarposten har også Bygdabladet, Kystradioen, NRK Sogn og Fjordane, NRK Hordaland har halde eit auga med kva Askeladden har bala med den siste tida (eksterne linkar).