Tysdag den 28.04.14. fekk «Ringvegen kafe» kjendisbesøk av stortingspolitikar Audun Lysbakken. «Ringvegen» kafe er Stord vidaregåande skule si einaste ungdomsbedrift og er leia av fitjarbuen Runar Skogedal.

– Elevane ved arbeidstrening driv kafedrift i opplæringssenteret til Stord vidaregåande, Heiane. Tysdag kom stortingspolitikar Audun Lysbakken innom for å eta lunsj. Runar Skogedal og resten av elevane i ungdomsbedrifta tok godt imot dei.

Runar Skogedal, dagleg leiar i ungdomsbedrifta, var ein flink talsmann og snakka om blant anna framtidsdraumar som: bustad, jobb og kjærast, skriv kontaktlærar Torhild Lekven til fitjarposten.no.