Fitjarbuen Helge Tislavoll er tilsett som kokk på Brandøy, leirstaden han har vore på leir på sidan han var liten. 

Også på kjøkenet.
-Eg var 13 år då eg begynte å hjelpe til her på kjøkenet, seier han og smiler til Sigrun Thormodsæther som har vore på kjøkenet på Brandøy i 37 år. -Kjekt å jobbe med Sigrunn, seier Helge som vart spurt om han kunne tenkje seg å ta denne jobben då ho som var kokk gjekk ut i mammapermisjon.

Helge tok kokkeutdanninga si På Fitjar Vidaregåande Skule, og læretida på "Solstrand hotell & Bad" på Os.