
Stian Helland (46) frå Fitjar er den einaste som har søkt stillinga som sokneprest i Uskedalen.
Fitjarbuen kjem frå stillinga som sokneprest i Ringsaker, der han har fungert sidan 2014. No ønskjer han altså å flytte heim til Sunnhordland, og bli sokneprest i Uskedal kyrkje i Kvinnherad.
Her er han den einaste søkjaren til den utlyste stillinga som ny sokneprest, skriv avisa Grenda.
46-åringen vart utdanna frå Det Teologiske Menighetsfakultet i 2014. Før dette hadde han ei brei bakgrunn innan fleire yrkesfag. Han er utdanna røyrleggar, bygningstømrar og kultemontør.
Då han var sokneprest i Ringsaker var han blant dei som støtta synet om vigsel av likekjønna par.
– Eg trur at viss folkekyrkja skal overleve, er det viktig å ha breiast mogleg forankring i folket. Det er viktig at kyrkja kan vere rom for alle, uavhengig av kjønn, rase eller legning, sa han til lokalavisa.