Fitjarbuen Jørund Thorland Innvær har dette året vore dagleg leiar i elevbedrifta Pizza kafé UB ved Stord vgs. I går var han og dei andre elevane i Pizza kafé og overrekte kr. 5000; av overskotet til ungdomsbedrifta til redningsskøyta Simrad Færder. Bilete: Jørund T. Innvær med sjekken på kr. 5000; Inger Marie Eriksen (venstre), Markus Sundal, Silje Taipale og Daniel Storstrand (ryggen til kamera). Leiar for RSRK Jonny Berentzen tek imot sjekken.

Skuleåret 2014/2015 har ni elevar ved Stord vidaregåande skule drive ungdomsbedrifta Pizza kafé UB. To gonger i veka har dei drive kafé på Heiane opplæringssenter. Her har dei gitt eit lunsjtilbod til elevar og lærarar ved avdelinga.I tillegg til å drive kafé, har dei òg produsert diverse produkt i sement. 

Dette skuleåret har Pizza kafé UB gått med overskot, og ein ville difor gjerne gi pengar til eit veldeleg føremål. Valet fall på den lokale redningsskøyta Simrad Færder.

Mannskapet om bord på Simrad Færder tok godt imot elevane, og dei fekk vera med på eit redningsoppdrag som dei kallar «mann over bord». 

Elevar og lærarar i Pizza kafé UB takkar  for flott visning og demonstrasjon av  ein «mann over bord» redningsaksjon og håpar at dei kan nytta pengane til å fortsetje det viktige arbeidet som de gjer!