Laurdag 10/10 er det endå ei gong klart for marknad i Fijar sentrum

For eit år sidan var det samla ein heil del folk i Fitjar sentrum i samband med Fitjarbondens marknad. Dei fekk vera med på ei triveleg dag.
Og no vert det råd å oppleve atmosfæren på nytt. Laurdag føremiddag frå kl. 10.30 og tre – fire timar framover vil det være aktivitet i sentrum.

Det vil bli servert smaksprøver på grilla kjøt frå Fatland slakteri. Grillmeister vert ordførar Harald Rydland. Om han er ein meister, får du koma og teste sjølv.

Det vert høve til å kjøpa forskjellege typar varer på marknaden. Blant anna kan ein nemna anguskjøt, kjøt av villsau, fitjarpotet, egg, lefser og saueskinn. Det vil og bli sal av fisk på kaien.

Har du lyst å sjå gamle og nye traktorar på nært hald har du muligheita laurdag. Og i tillegg til traktorar vil det bli vist fram moderne slåtteutstyr.

Har du lyst på litt konkurranse kan du være med på sporløp i sentrum

Møt fram og opplev Fitjarbonden på nært hald