I samband med "Verdens Bokdag" synte Nrk ved Jan Harald Larsen interesse for Fitjar Folkebibliotek der bibliotekar Elin Siglen slår eit slag for leseombod. Leseombod vil seie at nokon tek på seg å lese for andre som av forskjellige grunnar ikkje lenger er i stand til å lese sjølv. Med i dette opplegget høyrer og ei rekkje bøker som er omarbeidd til svært forenkla utgåver. No vonar Elin at folk som kan tenkja seg å gjere ei leseteneste for andre om å melda seg på som leseombod.