25. – 26. april skal dei beste ungdomsbedriftene frå heile landet måle krefter på NM for Ungdomsbedrifter. Fire bedrifter frå Hordaland har kvalifisert seg, ei av dei er i frå Fitjar. Det er Flat Mat UB.

Flat Mat UB vann førsteprisen for Beste yrkesfaglege bedrift på fylkesmessa i Hordaland 18. mars 2013. Under NM på Lillestrøm 25. – 26. april skal dei unge gründerane representere på standen sin og bli intervjua av domarpanelet. På timeplanen desse dagane står resultata de har oppnådd i Ungdomsbedrifta dei har starta og drive dette skuleåret.

– Flat Mat UB gjorde ein overbevisande innsats på fylkesmessa, og dei har òg jobba iherdig etter det. Elevane bak bedrifta er ambisiøse og dedikerte. Det brukar å vere ei god vinnaroppskrift! Eg har stor tru på at dei vil hevde seg godt på NM, seier Inger Grete Strømme, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Hordaland.

Ønsker større engasjement
Programmet Ungdomsbedrift og organisasjonen Ungt Entreprenørskap (UE) er med i den nasjonale satsinga på Entreprenørskap i utdanninga (EiU). Det er eit samla Storting som står bak, og satsinga er forankra i fleire stortingsmeldinger.