Fitjarbandet Yearstones spiller på Den blå time (oppe på Frugård) i morgen, laurdag kl 20.30.

Det tyder at dei er med på stormønstringa 100 dagar under STORDFEST 25.3-26.3, i lag med 27 andre band.

– Her vil me spele fem av songane fra plata vår som er under produksjon for tida, fortel Årstein Tislevoll til fitjarposten.no

Laurdagen blir opna kl 19.15 med konsert av Bjørn Berge, og fortset utover kvelden med konsertar både på Arena og Den blå time.

– Eg oppfordrar alle musikkelskarar til å ta turen på den største festivalen for lokale band og artistar i Sunnhordland, seier Årstein. Yearstones består av: Årstein Tislevoll, Per Egil Larsen, Arvid N. Havro og Per Kenneth Hauan.

Se liste over band her.

Inntektene etter helga går til hjelpearbeid i Japan.