Foto: Hordaland fylkeskommune

Debatt: Det burde vera mogleg å kunna bruka dei neste fire åra på noko meir fornuftig enn nye lokaliseringsdebattar.

Av: Tor Andre Ljosland, 2. kandidat Vestland KrF

og Harald Rydland, ordførarkandidat Fitjar KrF

KrF går til val på å halda fram med ein desentralisert skulestruktur. Det er viktig for Fitjar at det er eit vidaregåande tilbod i kommunen. Skulen har gode resultat og det er tilstrekkeleg søkjargrunnlag for å oppretthalde skulen.

KrF vil spela på lag med dei framtidige arbeidsgjevarane når me lagar den gode skulen. Difor er det viktig at bedrifter og offentlege institusjonar jobbar saman om innhaldet i skulen, og at lokalmiljøet stiller opp med læreplassar.

Fitjar, Stord og Bømlo er både felles arbeidsmarknad og studieområde. Hovedutfordringa er at det totalt sett ikkje vert særleg mange fleire elevar i åra som kjem. Difor er det viktig at skulane jobbar saman og fordeler elevane godt. Det er ikkje nødvendig å etablera nye konkurrerande studieløp, men forsterka og dyrka skulane sine spesialitetar. Fitjar vidaregåande skule har for eksempel eit svært godt tilbod innafor restaurant- og matfag. Det vil arbeidsmarknaden i heile regionen kunne nyta godt av. Desse lærlingane er svært ettertrakta, det same gjeld dei som tek utdanning innan helse- og omsorg.

I inneværande periode var det igjen forslag om å leggja ned Fitjar vidaregåande skule. KrF stod på for å berga skulen. Det burde vera mogleg å kunna bruka dei neste fire åra på noko meir fornuftig enn nye lokaliseringsdebattar. Utan lokaliseringsdebatt kan rektorar og lærarar ha betre tid til elevene og innhaldet i skulen. Det vert det betre skule av.

- Annonse -