Politiet har fått melding om tjuveri frå Fitjar vgs. -Veldig kjedeleg, seier rektor Anna Bodil Hestenes Tislevoll til fitjarposten.no.

-Tjuven eller tjuvane har brote opp skuffer, skada innvendige dører og stole eit større pengebeløp. Også Bømlo vgs har vore utsett for tjuveri i vinterferien. Pengar har forsvunne her òg, opplyser operasjonsleiar Jan Magne Øvstebøvik ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.