Fitjar vgs startar kurs i digital behandling av foto. Det er framleis plassar att.

– Mange har eit digitalt kamera og tar ein del bilete i løpet av eit år, men ønskjer kanskje litt opplæring i kva ein kan gjera med alle bileta. Fitjar vidaregåande skule har difor lagt opp til eit kurs på fire kveldar, der ein kan få innføring i nokre grunnleggjande ferdigheitar når det gjeld digitale foto og behandling av desse, opplyser kursleiar Rolf-Atle Rolfsnes til fitjarposten.no.

På kurset vil ein vil ein gå gjennom alt frå overføring av bilete til PCen og enkel redigering som t.d. beskjering, fjerne raude auge, justering av lys/kontrast og endring av storleik på filene.

Det vil bli innføring i Microsoft Office Picture Manager og korleis ein kan bruka bileta i til dømes Word og PowerPoint. Det er òg tenkt at ein skal bruka litt tid på å visa korleis ein kan laga fotobok med til dømes Japan Foto si programvare.

I tillegg vil ein sjå på Photostory og andre gratisprogram som ein enkelt kan lasta ned frå Internett.

Kurshaldar Rolf-Atle Rolfsnes har utsett påmeldingsfristen til torsdag 13.10., og oppstart er planlagt til tysdag 18.10. kl 18.00. Meir informasjon og påmeldingsside finn ein på skulen si nettside.